Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vedtok før jul å politimelde den/dei som har sett opp boltar og kjetting som sikring av stien opp til Kattanakken. – Meiningslaus bruk av ressursar, seier Olav Kvame frå Oldedalen.

Debatten har gått friskt i sosiale medium omkring denne saka. Kvame seier han først vart merksam på vedtaket etter å ha blitt vist ein debatt som gjekk på nett.

– Kjettingen som er sett opp for å gjere det tryggare å gå der vart oppdaga av nasjonalparkforvaltaren sist sommar. Dette hadde visst nærast øydelagt heile turen, og det skal vere eit samrøystes vedtak i nasjonalparkstyret om å melde saka til politiet. Det er meiningslaust. Det må då gå an, dersom dette er så skjemmande, å skru det ned att utan å måtte bruke politiet sine ressursar på ei slik fillesak, seier Kvame.

Reagerer: Olav Kvame reagerer på politimeldinga og meiner saka burde kunne bli løyst på ein minneleg måte.

Ikkje forbrytelse

– Men det er ulovleg?

– Om ein set opp ein kjetting ein plass det er fårleg, ser eg det ikkje som nokon forbrytelse. Sjølvsagt skal det søkjast om løyve til å gjere slikt. Men at det skal føre til samrøystes vedtak om å politimelde dette, det forstår eg ikkje. Og i dette styret sit også vår eigen ordførar.

Kvame seier slike sikringstiltak blir gjort mange stader.

–Denne kjettingen er sett opp som ei sikkerheit på ein plass det er vanskeleg å gå, slik eg oppfattar det. Eg har inga aning om kven som har sett opp kjettingen, og det er ikkje meg. Men eg var sjølv inne på tanken om å få gjort noko på ein plass lengst oppe i Kattanakken tidlegare.

– Enkelt: Skru ned att

Kvame seier at dersom nasjonalparkstyret meiner dette tiltaket er for gale, så vil han anbefale at dei gjer det enkelt: Skrur det ned att.

– Det kan fjernast utan at det øydelegg noko, vil eg tru. Eg meiner det er for gale at dei skal bruke politiet sine ressursar på slikt som ein minneleg kunne ordne på andre måtar.

Kvame legg til at han var med då det i fellesskap vart bygd ei sikringshytte oppe på Flatsteinsfjellet.

– Der sette vi også opp kjetting på det vanskelegaste partiet frå Kvamsdalen og opp på hytta. Det står der endå, og har vore til hjelp for mange som går der. Eg har aldri høyrt om at nokon har nokon motførestillingar til det. Ein vil gjerne at folk skal kunne nytte fjellet, og ein vil gjerne at det skal gjerast på ein trygg måte.