Oskar Guddal Breivik frå Markane IL dokumenterte god form og var særs nær ein pallplassering i hovudlandsrennet i skiskyting i dag. Normaldistansen i klasse G15 over 7,5 kilometer i Meråker enda til slutt med ein sjuandeplass for stryningen, berre 15 sekund frå bronsemedalje.

Sjølv om Guddal Breivik var klart raskast i sporet kosta fire bom totalt (3+1) for dyrt. Ungguten er fornøgd med eit god gjennomført løp og at formen er på plass, men skytinga og plasseringa var ikkje som han forventa på førehand.

Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL (0+3) vart nummer ni i klasse G15.

I klasse J15 vart Gunn Kristi Tvinnereim (Hardbagg IL) nummer 30.

I klasse G16 kom Martin Aaland (Hardbagg IL) på 31. plass, Magnus Seljeset (Hornindal IL) på 48. plass, Magnus Midthjell Gjørven (Markane IL) vart nummer 72 og Rasmus Bersvein Tvinnereim (Hardbagg IL) vart nummer 85.

I morgon er det nye sjansar når sprinten går av stabelen.