Onsdag skal Stryn formannskap handsame kommunen si høyringsutalelse i henhald til intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til ein region.

Frå fylkeskommunen er det uttrykt ynskje om synspunkt på om Sogn og Fjordane bør søkje Stortinget om samanslåing av dei tre nemde fylka, slik intensjonsplanen legg opp til.

Rådmannen i Stryn har gjort si tilråding i tråd med kva Stryn formannskap har sagt tidlegare. I si fyldige vurdering av saka skriv rådmannen mellom anna:

- For Stryn sin del er dei historiske banda langt sterkare mot Møre og Romsdal enn sørover, både i eige fylke og fylka sør for oss. Når nordgrensa for den nye regionen, samt mange statlege administrative grenser, blir identisk med store deler av kommunegrensa til Stryn, seier det seg sjølv at naboskapet blir magert. Når ein legg til at store deler av Stryn si kommunegrense også vil vere felles med ein ny region i aust vil det vere få att å samhandle med i eige fylke/eigen region.

Ei flytting av politisk makt og medverknad frå dagens fylke til meir folkerike område vil redusere innbyggarane sine moglegheiter til medverknad og påverknad, skriv rådmannen.

- Det regionale demokratiet slik vi kjenner det i dag, vil gjennomgå store endringar til fordel for dei folkerike delene av den nye regionen. Dette vil vere situasjonen uavhengig av kven som slår seg saman, men intensjonplanen omfattar folkerike fylke og sterke tettstadar, og det vil forsterke den lokalpolitiske utarminga.

Slik rådmannen ser det, vil det for Stryn sin del vere langt meir tenleg å bli med i ein region som også omfattar Møre og Romsdal, eller deler av dette fylket. Tilsvarande ville det vore ein stor fordel for Stryn dersom deler av dagens Sogn og Fjordane, for eksempel Nordfjord, kunne blitt ein del av Møre og Romsdal

Ein ny region vil, basert på eit politisk fleirtal, stå fritt til å føreta dei organiseringar og tilpasningar i ettertid som det kan vere politisk fleirtal for. Ein intensjonsavtale vil ikkje kunne binde opp det politiske fleirtalet i ein ny region over tid, heiter det i rådmannen si vurdering.

Han skriv i sitt framlegg at Stryn kommune kan ikkje sjå at det framforhandla forslaget til intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vil vere tenleg for Stryn og Sogn og Fjordane.

Han oppmodar difor om at intensjonsavtalen vert forkasta.

- Stryn kommune ser ein region beståande av Møre og Romsdal eller kun Sunnmøre, Sogn og Fjordane og eventuelt Hordaland som ein langt betre konstellasjon enn det intensjonsplanen legg opp til. Sjølv om det ikkje lukkast å kome fram til nokon intensjonsavtale om dette, bør Stortinget, som det avgjerande organet, sterkt oppmodast om å konkludere med eit slikt resultat, heiter det i tilrådinga.

Les også: Kollokvie om regionreforma

Fylkestinget har i sine vedtak lagt til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar. Vidare tek Fylkestinget sikte på å gjere vedtak i høve vidare arbeid med regionreforma i desember inneverande år. Ein vil då ta stilling til om det er aktuelt å sende ein felles søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane med andre fylkeskommunar.

Det er som kjend uttrykt frå sentralt hald ei målsetting om å nesten halvere talet på fylke frå dagens 19 fylker til 10-11.

Høyringsfristen for å sende inn dine synspunkt om kommunereforma er onsdag 23. november.