Stryn si største eksportmerkevare, Moods of Norway, blir heidra med eit knall rosa kumlokk med Moods-logo komande tysdag.

Det er kumlokkprodusenten Ulefos som står bak den rosa gåva som skal erstatte eit kumlokk i nærleik til Moods-butikken i Stryn sentrum.

- Vi leverar mange tusentals logolokk kvart år, og i høve VA-konferansen som Driftsassistansen arrangerar i Stryn, ønska vi å bidra med noko litt utanom det vanlege, seier distriktsansvarleg i Ulefos, Thomas Hammersland.

Dei aller fleste norske kommunar og mange byar har såkalla logolokk der kommune- og byvåpen figurerar på kumlokket. Eit knall rosa kumlokk med den karakteristiske traktoren i midten vil kunne vere iaugefallande, trur Hammersland.

- Stort sett er kumlokk ganske så tradisjonelle og trauste i utforminga, difor er det veldig moro å få levere dette lokket til Stryn. Vi håpar det vil bli eit blikkfang som vil få folk til å trekkje litt på smilebåndet, seier Hammersland.

- Lokket vil bli avduka på hotell Alexandra i Loen tysdag. Representantar frå både Moods of Norway, Stryn kommune og Ulefos vil vere tilstades. Lokket overrekkast Stryn kommune tysdag eller onsdag for nedlegging i gata, heiter det i ei pressemelding frå Ulefos.

Også dette kumlokket blir produsert ved Ulefos Jernværk på Ulefoss i Telemark. Jernstøperiet har vore i drift sidan 1657 og er ein av Europa sine eldste gjenlevande industribedrifter. Bedrifta har produsert kummelokk sidan 1950-tallet, framgår det frå pressemeldinga.

- Det er jo kjempegøy at vi får dette i Stryn, seier dagleg leiar i Moods of Norway, Jan Egil Flo i ein kommentar søndag.