Etter at syklistar fleire gongar har klaga over at gang- og sykkelvegen forbi Agjeldstunnelen ikkje vert brøyta, opnar no tunnelen for gåande og syklande vinterstid.

Agjeldstunnelen har vore stengd for gåande og syklande, også vinterstid. Fleire gongar har publikum etterlyst alternativ når gang- og sykkelvegen har vore stengd på grunn av snø.

Vert ikkje brøyta

Gang- og sykkelvegen rundt tunnelen vert ikkje brøyta, og folk som har ønskt å sykle strekninga om vinteren har fleire gongar oppmoda om at tunnelen vert opna for gåande og syklande når gangvegen er stengd.

Det har også vore peika på ironien i at den nye, lyse Agjeldstunnelen er stengd for gåande og syklande, medan den trange og mørke Vanbergstunnelen er open. Holentunnelen, ny tunnel på same vegen, er også open for gåande og syklande.

Ta buss eller bruke bil

Tidlegare har tilbakemeldingane vore at tunnelen ikkje har vore opna for syklistar og gåande grunna krav til ventilasjon og lys, og at syklistane må ta buss eller bruke privatbil dei dagane det ligg snø på gangvegen.

Men i vår hadde Statens vegvesen eit møte der målet var å ta ei avgjerd om ein skulle tillate vintersykling i tunnelane på fv 60 Olden-Innvik.

– Akseptabel risiko

Basert på ei risikoanalyse vart det slege fast at det ikkje er avdekka tilhøve som tilseier at sykling gjennom Agjeldstunnelen (eller den framtidige Vangbergstunnelen) må vere forbode, og det vart vidare slege fast at risikoen ved å sykle gjennom Agjeldstunnelen vinterstid med dagens standard er akseptabel. – Skilting av sykkelrute/gangveg sommarstid bør vere tydeleg, og det må vere synleg for trafikantar når gamlevegen er open/stengd, heiter det i møtereferatet, der det også går fram at forbodsskiltet skal tildekkast når tunnelen er open for gåande/syklande.

Skal dekke til forbodsskilta

Men så langt i vinter har tunnelen framleis vore forboden for gåande og syklande, sjølv om gangvegen har vore stengd.

Det blir endringar no, opplyser Vigdis Lobenz frå plan- og forvaltingsseksjonen i Statens vegvesen. – Seint onsdag fekk eg beskjed om at skilta vert tildekka så snart det let seg gjere, seier Lobenz til Fjordingen.Dermed kan syklistar som har klaga på den vinterstengde gang- og sykkelvegen endeleg sykle gjennom tunnelen vinterstid.

– Bruk gode lykter og refleksar, oppmodar Vigdis Lobenz frå Statens vegvesen.

– Hugs lykter og refleks!

– Det er kanskje på sin plass å minne om at syklistane bør gjer seg godt synlege for dei køyrande med gode lykter og refleksar, seier Lobenz. – Dette gjeld sjølvsagt alle mjuke trafikantar som ferdast langs vegane no i den mørke halvdelen av året. Bruk refleks!