Eit samrøystes Stryn kommunestyre vart samde om rådmannen si tilråding:

Nord/sør-delen av utstillingshallen blir riven.

- Vi er glad for å ha fått ei løysing av denne saka som har fulgt kommunen i mange, mange år. Riving skal inn i budsjettdiskusjonen så riving vil skje tidligst neste år seier ordførar i Stryn, Sven Flo.

Riving av denne delen av hallen vil truleg og medføre riving av tribuna som ligg i samband med bygget. Stryn Turn og Idrettslag, som leiger dette bygget ut oktober, har søkt om å få rive nord/sør-delen av hallen. Idrettslaget er difor nøgd med vedtaket.

- Det er positivt at det er blitt ei løysing i saka som er i tråd med kva vi har søkt om. Kva som vil skje med tribuna er usikkert enno, men endringar vil det bli ettersom vi skal flytte grasbana 30 meter nordover, seier leiar av Stryn Turn og idrettslag, Jonn Beinnes.

Bruken av denne hallen har vore delt mellom idrettslaget og dyreorganisasjonane Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit. I tillegg har hallen vore utleigd til ulike arrangement. I 1996 fekk idrettslaget leigeavtale for bruk av hallen. Dei har brukt hallen mellom anna til vidareutleige for vinteropplag for campingvogner.

Dyreorganisasjonane sine interesser knyter seg imidlertid til den eldste delen av hallen.

- Kommunen har store investeringsbehov som fortener prioritet framfor opprusting av ei bygningsmasse som er i ubetydeleg bruk, poengterte rådmann Per Kristian Storevik under formannskapsmøtet. Under kommunestyremøtet torsdag kveld vart det det klart at følgande tilråding frå rådmannen vart vedtatt:

1. Med tilvising til søknad frå Stryn turn & Idrettslag vert nord/sør-delen av utstillingshallen ved stadion riven.

2. Det skal gjennomførast forhandlingar med sikte på avklaring av eigartilhøva av grunnen under denne hallen basert på føreliggande avtale.

3. Den eldste delen av utstillingshallen (aust/vest-fløyen) skal vedlikehaldast ved at m.a. taket skal skiftast og andre utbetringar gjennomførast slik at bygget framstår som intakt.

4. Det vert føresett at dyreorganisasjonane bidreg økonomisk med oppgraderinga etter pkt 3.

5. Dei involverte dyreorganisasjonane (Fjordhestlaget og Sau og Geit) får – åleine eller i samarbeid med andre – høve til å disponere bygget til sine føremål etter framforhandla avtale.

6. Føresetnaden etter pkt 4 er at dei involverte organisasjonane, jfr. Pkt 5, dekkjer kommunens kostnader til drift (straum, vedlikehald, avgifter og forsikring). Det detaljerte innhaldet etter dette punktet skal framgå av avtalen etter pkt 5.

7. Avtalen som skal inngåast etter pkt 5 skal vere tidsavgrensa og godkjennast av formannskapet.

8. Dersom det ikkje lukkast å kome fram til ein omforeint avtale med dyreorganisasjonane, skal rivingsspørsmålet av også denne delen vurderast på nytt av formannskapet.

9. Verknadene av dette vedtaket skal innarbeidast som eige tiltak i budsjettet for 2017.