Slik kommenterer teknisk sjef i Stryn kommune, Jan Flore, dei nye faresonekarta. Karta er utarbeida av NGI (Norges Geotekniske institutt) på oppdrag frå NVE. Representantar frå kommunen var til stades under presentasjonen som vart halde ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter onsdag.

Det vart først gjort eit historisk tilbakeblikk på tilfelle av skred i Stryn kommune, der snøskred er den mest aktive skredtypen.

– Stryn er fagert og vakkert, men er blant dei mest skredutsette kommunane i landet. 250 menneske skal ha omkome i ulike skred i løpet av dei siste 300 åra, sa Krister Kristensen i NGI.

Presenterte nye faresonekart Her presenterer Krister Kristensen i NGI (Norges Geotekniske Institutt) oppdaterte faresonekart over Stryn, på oppdrag frå NVE. Eit team på fem personar står bak dei ferske karta. Foto: Roger Oldeide

– Ny kunnskap

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Stryn kommune. Vi ser mellom anna at det er over 200 bustadar og fritidsbustadar som har eit høgare årleg sannsyn enn minstekravet på 1/1000 som gjeld for nybygg, sa sjefingeniør i NVE, Siss-May Edvardsen.

Spesielt er det i område i Oppstryn og i Olden det ifølge faresonekarta er størst sannsyn for skred. Karta tek for seg Årheim, Nedstryn, Mindresunde, Oppstryn, Flo, Loen, Olden, Eide, Beinnes, Håheim, Flåten–Sunde, Gytri, Yri, Oldedalen nord, Oldedalen sør, Rake/Solvik og Hjelledalen.

Alle typar skred er kartlagt

Karta skal ifølge NVE vere enkle i bruk og tek omsyn til alle typar av skred. Snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred, og kvar desse er aktuelle, er teikna inn på kartet. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, samt å vurdere sikringstiltak og lokal skredberedskap, seier Edvardsen.

Som forventa - Men rapporten skal finlesast, seier teknisk sjef for Stryn kommune, Jan Flore. Foto: Roger Oldeide

Grunnlaget for faresonekarta, som er produsert digitalt, er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar.

Faresonekarta er tilgjengelege i NVE sin kartkatalog og teknisk sjef i Stryn kommune oppmodar alle om å kike på desse karta.

- Det er ikkje forbode å bu i skredutsette område, men det avgrensar utvikling av bygningsmasse der. Når det er sagt, så aukar ikkje rapporten skredfaren, poengterer Flore som seier rapporten stort sett er som forventa.

- Det var nokre fleire hus i utsatte områder enn eg trudde, men ellers er den som forventa. No skal rapporten finlesast, sa Flore like etter møtet.