Stryneordførar Sven Flo hadde kalla inn til eit hastemøte måndag for å kunngjere gode nyheiter om at Strynefjellsvegen er tilbake i Nasjonal Transportplan.

– No blir det viktig å få ei avgjerd på trasevalet på denne vegen. Komiteen og andre faglege innspel er tydelege på at det er B1-alternativet, med lang tunnell og arm til Geiranger som er løysinga for framtida, sa Sven Flo.

Ordføraren retta ei stor takk til dei som har jobba med å få Strynefjellsvegen tilbake i transportplanen, både nasjonalt og lokalt og med adresse til regjeringspartia Høgre og Frp saman med KrF og Venstre.

– Sveinung Rotevatn (V) og Bjørn Lødemel (H) skal ha stor takk for arbeidet dei har lagt ned. Ein stor takk til "Gode Vegar" som har vore ein fantastisk støttespelar i dette arbeidet, sa Flo som varsla om nytt møte, gjerne med kake, når vegen leggast inn.

– 19. juni blir den lagt inn, og då vil Strynefjellsvegen forplikte. Då kan vi ha forhåpningar om å sjå lys i tunnelen for rv.15. Det har vore brei politisk semje om opprusting av denne vegen i mange år, så dette er veldig gode nyheiter, sa Flo.