Den omtalte KS 1-rapporten om Strynefjellsvegen som konkluderar med ei anbefaling om å strosse eksisterande tunnelar over Strynefjellet har fått hard medfart med sterk kritikk frå fleire hald. Mellom anna anbefaler rapporten ikkje å rassikre ein einaste meter av den viktige aust/vest korridoren.

Møreforsking Molde og Metier AS, som har utarbeida rapporten, har uttalt til Fjordingen at det er Samferdselsdepartementet som skal svare for den. Departementet finn det ikkje riktig å skulle meine noko om denne saka enno.

- I første omgang vil vi motta ei vurdering frå Vegdirektoratet til vurderingane i rapporten, tentativt vil dette bli mottatt innan utgangen av januar, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til Fjordingen.

- Kva skjer vidare?

- Vidare gang i saka vil vere at Samferdselsdepartementet førebur saka med sikte på ei beslutning i regjeringa om kva konsept som skal leggast til grunn, seier Solvik-Olsen som ikkje kan seie når ei avklaring vil ligge føre.

- Men vi håpar at dette ikkje vil drøye for lenge, seier Solvik-Olsen

Les også: Kan bety slutten for nattbussen