Åtte klubbar var representert i Strynehallen under den 31. utgåva av Strynhallleikane laurdag. 57 deltakarar tevla i fire ulike greiner; 40 meter, lengde med tilløp, høgde med tilløp og kulestøt.

Nokre av deltakarane kjende kvarandre betre enn andre. Dei tre 18-åringane Steffen, Rafael og Mathias går alle i same klasse og dei tre stillte mot kvarandre på startstreken av 40-meteren.

Klassekameratar 18-åringane Steffen Hatlelid frå Hornindal, Rafael Nillos frå Olden og Mathias Melheim frå Olden, går i same klasse, men tevla mot kvarandre laurdag. Foto: Roger Oldeide

- Det gjorde vi i fjor også, seier Steffen Hatlelid som gjekk først i mål av dei tre denne dagen. Ettersom dei var berre tre i denne klassa, enda alle tre på pallen.

Også Joanna Øvre-Flo var ei av dei som kom seg på pallen. Det gjorde 14-åringen etter å ha løpt 40-meteren på 5,9 sekund.

Ny pers Joanna Øvre-Flo tok førstepremie etter å ha løpt 40-meteren på 5,9 sekund. Foto: Roger Oldeide

- Det er ny pers, så eg er ganske nøgd med det, kommenterte Joanna.

Les meir om Strynehalleikane i tysdagsavisa

Ein av fire greiner under friidrettsstemnet i Strynehallen laurdag. Foto: Roger Oldeide