I dag opna Skogstad Sport og Moods of Norway sine nye butikkar i Tinggata. Og på skikkeleg "laurdagsvis" var det graut og godteri som vanka til dei mange som hadde møtt fram.

Skogstad Sport baud på show der trail-syklist Tomas Remvik Aasen og fotball-freestyler (triksar) viste fram sine kunstar. Begge samarbeider med Skogstad gjennom BRE-konseptet deira.

Det var Knut Roger Nesdal frå Skogstad Sport og Simen Staalnacke frå Moods som stod for opninga. Dei omtalte dei nye butikkane som sine store flaggskip, og såg eigentleg på alle andre butikkar dei har i inn- og utland som filialar. Rett nok sagt med eit lite smil.

Eigentleg skulle ordføraren teke seg av opninga, men han var som ein del andre denne dagen hindra på grunn av ras.

Knut Roger Nesdal og Simen Staalnacke. (Foto: Ove Andre Aarskog).
Trail-syklist Tomas Remvik Aasen. (Foto: Ove Andre Aarskog).