– Tomta ligg strategisk til i forhold til eksisterande aktivitet på Langeset og i forhold til den framtidige E39, innleia plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal.

Det skal ikkje ha vore førespurnader på dette arealet per i dag, men Dvergsdal ville vite om kommunen ønska å gå i forhandling om dette arealet og peika på at det er få kommunale tomter igjen som er eigna som næringsareal i dette området.

320 dekar Tomta, som ligg like nord for Langesetvatnet, kan vere aktuell som næringsareal. Foto: Roger Oldeide

Han la til at kommunen har førespurnader frå fleire aktørar som ønskjer å etablere seg i Stryn.

– Kan ikkje sitte på gjerdet

– Utfordringa vår er arealknappheit i forhold til framtidig etablering og her må vi vere framoverlente, sa ordførar Sven Flo (H).

– Neste fase blir å starte reguleringsprosessen og opparbeiding av arealet, men å investere i dette området blir ei investering i framtida. Vi sender eit tydeleg signal ut at vi ønskjer etablering her ved å sikre oss slike store areal, sa Dvergsdal.

– Eg trur eigentleg ikkje vi har noko val og bør sikre oss areal, sa Torstein Tvinnereim (V).

– Vi har lite areal og det vi har er på veg ut. Det å sitte på gjerdet å vente har ikkje næringslivet tid til, sa han.

Fleire interessentar

Klemet Bø (KrF) spurde om kva slags tomter interessentane spør etter.

– Er dei til dømes avhengige av å vere sentrumsnære? ville Bø vite.

– Begge delar. Nokre vil ligge ved sentrum, medan andre ikkje trenger å vere synlege eller har behov for å profilere seg attmed vegen, sa Dvergsdal.

– Eg forstår signalet frå formannskapet er klart. Gå vidare med denne saka og kom opp med ei sak for formannskapet for vidare planlegging, konkluderte Flo.