Ekteparet Vigdis Wiik Jacobsen og Jan Vollset på garden Vik i Stryn hadde invitert til møte med Stryn formannskap på garden sin torsdag.

Det var eit godt førebudd vertskap som forklarte formannskapet kvifor dei vil ha slutt på vidare utfylling av inngangsporten til Stryn sentrum; Vikabukta.

– For oss er det heilt uforståeleg at Stryn kommune, med opne auge, seier nei til å nytte sentrumsnært areal til rekreasjon og tursti, og i staden legg industrien heilt inn på dørterskelen til dei som bur her, sa Jan Vollset.

Førebudd - Det er i slike situasjonar de verkeleg blir prøvd som politikarar, sa Jan Vollset til formannskapet. Foto: Roger Oldeide

– Belastninga er for stor

Ekteparet argumenterte for at Stryn kommune sjølv har understreka kor viktig det er at Vikabukta ikkje skal fyllast ut, både av omsyn til naturmangfald og at den grensar opp mot bustadområde i Vikalida

– Det kom difor svært overraskande på oss at det i kommunedelplanen frå februar står at ein vil tørrlegge Vikaleirane til næringsareal. Både vi og våre naboar meiner at belastninga er stor nok for lenge sidan, sa Vollset.

Paret poengterte og at det er både eksisterande og framtidige næringsareal både i sentrum, på Visnes og på Langesethøgda.

På besøk Stryneordførar Sven Flo er kjend med problemstillinga. Vertskapet Wigdis Wiik Jacobsen fekk sagt kva ho meinar om saka. Foto: Roger Oldeide

– Rom for næringsutvikling er ei vanskeleg sak i Stryn, vart det sagt frå formannskapet.

– Det kan vi forstå, men det er i slike situasjonar de verkeleg blir prøvd som politikarar, sa Vollset.

Kjent problemstilling

– Vi kjenner godt til problemstillinga. Alternativet for ein del bedrifter er å flytte verksemda ut av Stryn. Vi må ta ei totalvurdering på dette. Alle kan ikkje bli nøgde i denne saka, sa ordførar Sven Flo.

Omvisning I høve besøket fekk Stryn formannskap omvising på garden Vik. Her i ei stove frå 1700 talet. Foto: Roger Oldeide

Med omvising på garden takka ekteparet for besøket og høvet til å seie meininga si.

I herskaplege rammer på garden Vik fortalde vertskapet Stryn formannskap kva dei meiner om utbygging av næringsareal i Vikabukta. Foto: Roger Oldeide