Olden Bryggeri AS, som i dag held til i det gamle bakeriet i Olden sentrum, skriv i søknaden at dei ønskjer areal til å ekspandere verksemda si i Oldenleirane.

– Vi er i ein fin vekst og ser det nødvendig å sjå seg om etter nye lokale, og dermed skape heilårsarbeidsplassar. Vi ser føre oss å byggje eit bygg med bryggeri, sal, servering og med leilegheiter på toppen. Det er viktig for oss at vi får tomt attåt veg som går til helsetunet og at vi ikkje blir sperra inne av andre bygg, skriv Olden Bryggeri i sin søknad til kommunen.

Aukande cruisetrafikk

Dei ser potensiale som cruisetrafikk med framtidig tursti ved sjøkanten kan gi denne delen av Olden sentrum.

– Vi ser at området kan bli ein samlingsplass, skriv Olden Byggeri AS.

– Vi har ikkje høve til å ekspandere der vi er. Om vi får kjøpt denne tomta vil vi satse fullt på verksemda vår, seier Tomas Gjerde.

Les også: Bryggeri i Olden i vekst

Fleire er interessert i næringsareal

Også Endre Muri har meldt interesse for næringsareal på Oldenleirane. Han har søkt om fire dekar saman med Steinar Hoddevik på vegner av Hoddevik Eigedom og Stryn Betong AS.

Asbjørn Flåten melde interesse for næringsareal i mai.

Olden sentrum Oldenleirane ligg tett ved fjorden i Olden sentrum. 9000 m2 er lagt ut for sal. Fleire har meldt interesse for å kjøpe tomt av kommunen. Foto: Arkivfoto

– Attraktivt område

Under kommunestyret 20. juni vart tomteprisen på dei omlag 9000 kvadratmeterane av Oldenleirane fastsett.

Rådmannen tilrådde kvadratmeterprisen til 490 kroner, noko kommunestyret samrøystes vedtok. Ordførar Sven Flo omtala området som indrefileten i Olden.

– Dette er eit svært attraktivt område, så vi vil legge ned nokre kriterium for kva slags aktivitet vi ønskjer i dette området før fordeling av tomt. Bustader, kanskje i kombinasjon med næring, ser vi som interessant. Det vil bli ein prosess på dette, seier ordførar Sven Flo.