Eit åtte kilometer langt steg mot reint drikkevatn for husstandar i Ulvedal og Blakset ligg til montering i Innvik.

– Det er eit spenstig prosjekt, seier prosjektleiar i Stryn kommune om sjøkabelprosjektet med ein prislapp på 25.4 millionar kroner.

I Innvik ligg no fartøyet frå det bergensbaserte firmaet IMC Diving. Fleire kilometer med kabel set sitt preg på sjøen ved kaia der det pågår sveisearbeid på den 7,8 kilometer lange sjøkabelen.

Vassledninga skal gi noko så elementært som reint vatn til husstandar i Ulvedal og Blakset, noko som svarar til snautt 100 abonnentar.

– Reint vatn i juni 2017

Det er abonnentar av Ulvedal- og Blakset vassverk som vil bli kopla til den nye vassledninga. Vatnet vil i hovudsak kome frå Holvatnet i Stryn.

– Når kan folk i desse husstandane vente seg reint vatn i springen?

– Vi skal vere ferdig til juni neste år, seier nyutnemnd byggjeleiar Roy Cato Hopland på vegne av Stryn kommune som eig desse vassverka.

Hopland forklarar at drikkevatnet i hovudsak hentast frå Holvatnet før det reinsast i Stryn og ført ut frå Faleide til Blakset via sjøkabelen. To høgdebasseng blir og tilknytta vasskjelda.

– Folk i dette området har hatt dårleg vatn lenge, men no nærmar det seg med reint drikkevatn, seier Hopland.

Fire millionar kroner i tilknytingsavgift

Prosjektet har ein kostnad på 25,4 millionar kroner der fire av desse millionane er dekt inn av abonnentane sjølve i form av tilknytingsavgift.

– Det var ein føresetnad for å realisere dette prosjektet at abonnentane sjølve skulle dekkje inn sin del, seier Hopland.

Ferdig montert og senka søndag

Ifølge prosjektleiar i IMC Diving skal sjøkabelen vere ferdig samasnskøyta og senka på sjøbotnen mellom Faleide og Blakset innan komande søndag.

– Vi sveiser no saman kvar del på 500 meter til ei lenge med sjøkabel før tilkopling. Vi er i rute med arbeidet, seier Torbjørn Hærum i IMC Diving.

Denne vassledninga på nesten åtte kilometer skal gi reint drikkevatn til Ulvedal og Blakset. Kabelen blir lagt på sjøbotnen mellom Faleide og Blakset i løpet av helga. Her ligg den til samansveising i Innvik torsdag morgon. Foto: Roger Oldeide
Her sveisar ein saman delane til ei lengde. Anleggsleiar i IMC Diving Torbjørn Hærum til venstre, ber sjøfarande vise omsyn når kabelen leggjast komande helg. Foto: Roger Oldeide