Johannes Thingnes Bø (Markane IL) vart i dag norsk meister på skiskyttarsprinten på Lillehammer. Trass ein bom på liggande og to bom på ståande skyting heldt det i høve konkurrentane. Lars Helge Birkeland (Birkenes IL) tok sølvet, medan Vegard Gjermundshaug (Alvdal IL) tok bronsen.

Thingnes Bø låg på andreplass ut frå både første og andre skyting. Ut på sisterunden opparbeidde han seg eit forsprang på seks sekund, og då han kom i mål var leiinga auka til 7,5 sekund i forhold til Lars Helge Birkeland. Ned til bronsen var det 10,8 sekund.

Vegard Skrede frå Hardbagg IL imponerte i selskap med seniorane og vart nummer 52 av godt 200 startande. Skrede skaut fullt på liggande, men måtte tole to bom på ståande. Uansett ein sterk prestasjon av 99-modellen.

Håvard Gutubø Bogetveit, som var så uheldig på stafetten torsdag, gjekk inn til ein sterk 16. plass.

Tarjei Bø stilte ikkje til start.