– Politi, brann og redning, ambulanse og kanskje også Røde Kors. Min kongstanke er å få samla alle under same tak, seier stryneordførar Sven Flo entusiastisk. Om etatane sjølve delar hans visjon, står att å sjå.

– Dersom dette er aktuelt for etatane sjølve, så har vi allereie blinka ut alternative areal i sentrum, utan at vi enno vil gå ut med kva slags areal som er aktuelle. Spørsmålet no er å finne ut om desse etatane er villige til å vere med på ein slik prosess, seier Flo.

- Kompetansesenter

Stryneordføraren deler gjerne sin visjon om korleis han ser for seg det skal bli.

– Vi ønskjer å bygge opp eit kompetansesenter for blålys-etatane som vil gi spennande synergieffektar. Her kan det og etablerast mellom anna felles treningslokale, etc. Det å kunne samle desse i nye og framtidsretta lokale er noko eg brenn for å få til.

Eg ser for meg korleis dette kan bli med branntårn og det heile. I mitt hovud blir dette eit fantastisk bygg, fortel Flo.

– Vinn - vinn situasjon

Ordføraren legg til at dette er noko som kan ligge langt fram i tid å få realisert. Han legg ikkje skjul på det uansett er aktuelt å flytte brannstasjonen frå dagens adresse for å frigi plass til å utvikle området Petterneset og sentrumsområdet ved elva.

– Vi skal uansett ta tilbake dette området. Bygget er nedslitt og passar ikkje inn i planane vi har for dette området. Løftar vi blikket, så hadde dette blitt ein vinn-vinn situasjon, seier Flo som er spent på kva etatane sjølve meiner om å dele adresse.

– No har vi iallefall sådd ein ide, seier han.

Konstituert brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg seier i ein kommentar at brannvesenet er udelt positive til ideen.

– Dette er vi svært positive til og det vil eg tru dei andre etatane også er. Eg trur eit felles bygg ville gitt eit sterkt fagleg miljø, seier Vinsrygg før møtet tysdag.

Flo vil at området ved elva skal bli ein attraktiv plass å opphalde seg. Då passar det ikkje inn med ein nedslitt brannstasjon tett ved. Foto: Roger Oldeide