Musikkbloggarane i USA har fått auga opp for Jon-Fredrik "Joffen" Hopland og hans to kollegaer i bandet Raw Fabrics. Etter at dei sleppte sin første singel, Down the Drain, har dei fått fleire oppsiktsvekkjande omtaler blant anerkjende musikkbloggarar.

MostlyJunkFood.com skriv mellom anna at Raw Fabrics ber med seg karisma og energi frå Clash og Sex Pistols, samstundes som dei evner å fange opp det eksentriske frå moderne produksjonar av Gorillaz og Muse. Både tekstane (ærleg behov for å uttrykkje kjensler) og energien i musikken får skryt.

- Dette er verkeleg eitt av dei mest unike banda som har vorte presentert for øyra mine siste dagane. Sjekk ut debutsporet deira og følg dei på Facebook og Twitter for å finne ut om komande utgjevingar, inkludert en snarleg klar musikkvideo for "Down the Drain", skriv bloggaren.

Jenewby.com skriv mellom anna: - Eg har aldri høyrt om LA-bandet Raw Fabrics før. God rock blir stadig vanskelegare å finne, men Down the Drain er eit forfriskande stykke klassisk punkrock med masse "edge". Akkurat slik eg likar det. Stream det utrulege debutsporet. Enjoy!

Comipoplibrary.com skriv mellom anna: - Frå den fengande rytmen til uforgløymelege tektstar, Raw Fabrics har alt! Eg vil kjem til å halde eit svært skarpt auge med denne gruppa, og det trur eg alle som er generelt musikkinteresserte bør gjere!

Raw Fabrics vart også nominerte som Månadens artist hos musikkmagasinet TheDeliMagazine.com.

Jon-Fredrk "Joffen" Hopland frå Stryn studerer musikk i Hollywood, Los Angeles. Lokalt er han også kjend som allsidig idrettsutøvar med bakgrunn frå fotball og turn. Foto: Raw Fabrics