Dag ein av to av Norgescupen i hopp i Bjørkelibakken er unnagjort. 85 hopparar og 25 kombinert-løparar var i aksjon framfor omlag 50 tilskodarar laurdag.
NTG/LNC- hopparen Lars Halvdan Buraas i Hurdal IL vant kombinertklassa med 23 deltakarar. Lars Ivar Skårset i Søre Ål IL, tok andreplassen og Espen Dahlhaug Bjørnstad i Byaasen Skiklubb tok tredjeplassen.
Markane IL- hopparen Eskil Kveen var det lokale håpet laurdag. Han gjekk inn på ein 17. plass i kombinert-klassa.
- Eg var nøgd med hoppet mitt på 83,5 meter, men det gjekk litt for tungt i sporet idag. Eg har vore litt sjuk, så eg får satse på betre resultat imorga. Topp-15 er målet på søndag, seier Eskil til Fjordingen.
Vinnar av dagens hopprenn K90 vart Tel Ørn- hopparen Jarle Eikehaug i IF Trønderhopp med 254,5 poeng. På andreplass kom Christian Brenna i Ake Hakadal IL Kollenhopp og på tredjeplass kom Sander Vossan Eriksen i Oslo Bækkelagets SK Kollenhopp.
Dagens lengste hopp var målt til 102,5 meter. Det var det Skimt-Ski hopparen Stefan Jeremiassen som sto for.
Det snøva godt under første del av rennet laurdag, men etterkvart vart det praktfulle forhold i Bjørkelibakken som fekk mykje skryt blant deltakarane som Fjordingen snakka med.
- Ein fantastisk bakke! Det er praktfullt her, og desse fjella er heilt utrulege, seier eit knippe unge kvinnelege hopparar.
Arrangementssjef i Norges skiforbund, Morten Lein, er tydeleg på kva han tykkjer om Bjørkelibakken.
- Dette er eit av dei flottaste anlegga vi har, konkluderte Lein.
Sjå reportasje frå Norgescupen i tysdagsavisa