Om det blir innvilga skjenkeløyve for øl og vin, kan det bli ein ny pub i kjellarlokala i det gamle skulebygget i Grodås sentrum.

– Eg ønska ikkje å seie for mykje før eg har fått svar på søknaden, men eg har ønske om eit spiseri og kafé, kombinert med pub på kveldstid, seier Gry Elverum som har søkt skjenkeløyva.

Hornindal kommune skal handsame søknaden i kommunestyremøtet først i desember, men seier på generelt grunnlag at det er positivt med ny aktivitet.

– Det må nok påreknast litt kostnadar for å få desse lokala opp til ein god standard, men vi er positive til det som kan bidra til ny aktivitet i sentrum, seier Audun Gausemel i Hornindal kommune.

Dei om lag 80 kvadratmeter store kjellarlokala har ikkje vore i bruk sidan fritidsklubben flytta ut av bygget i 2012. I dag er det berre kyrkjelydsstova som held til i i det gamle skulebygget frå 1939.

Bygget skal ikkje ha vore nytta som skule sidan 1974/75.