Det er travle tider for Moods of Norway. I kveld er det klart for moteshow i Oslo, denne gongen i Chateu Neuf. Samstundes er det klart for opningsseremoni for OL i Sotsji, der utøvarane i den norske troppen stiller med kle frå stryneverksemda.

- Det er ein stor dag for vesle Moods of Norway! seier moodsgründer Simen Staalnacke til Fjordingen. Han er i hovudstaden denne veka, mellom New York Fashion Week og Los Angeles Fashion Week.

Opningsseremonien i OL har han ikkje oversikt over, men eige show er han klar for:

- Tema for kolleksjonen er disco. Det er passar oss godt, føler vi, seier Staalnakce. Han vil ikkje røpe meir om showet, men kan avsløre at det nok blir ei discokule eller to å sjå.

Moods of Norway har også tradisjon for å ha ei overrasking i ermet når det gjeld kven som skal gå motevisninga for dei. Oddvar Brå og Ari Behn er mellom dei som har dukka opp på catwalken. Kven som skal gå denne gongen, vil ikkje Simen Staalnacke ut med.

- Det skal vere eit visst hemmelegheitskremmeri, veit du! seier han.

- Mats Zuccarello Aasen har vore sett i dykkar dressar før dei store ishockeykampane?

- Ja, men han kjem ikkje. Han er oppteken!

Simen Staalnacke t.v. og Peder Børresen saman med ishockeystjerna Mats Zuccarello Aasen. - Men til showet kjem han ikkje. Han er oppteken! seier Simen Staalnacke til Fjordingen. (Foto: Moods of Norway)