Etter eigedomsskattelova paragraf 11 (minst kr 2 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1.000 av takstverdet) skriv Stryn kommune ut eigedomsskatt på 3 promille i heile kommunen.

I forhold til fritak i 2016 er det følgande endringar for 2017;

- Blakset og Ulvedal vassverk. Fjerna frå lista grunna Stryn kommune har overtatt vassverket.

- Solheim skule og bad. Grunna at bygget er riven og Stryn kommune er eigar av tomta.

- Stryn Vidaregåande skule (gnr. 57 bnr. 283 snr 2 og gnr 57 bnr. 302) Gjeve delvis fritak.

- Skålatårnet og den nye sikringshytta på Skåla til Bergen og Hordaland turlag. På lista for fritak etter § 7 a)

§ 7 a) tyder eigedom, stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten

Etter Eigedomsskattelova § 7 bokstavane a) og b) fritek kommunestyret heilt eller delvis desse eigedomane.