Natt til torsdag vart Sparebanken Vest sin minibank i Stryn sentrum utsett for ransforsøk. Gjerningspersonane lukkast ikkje i forsøket. Tilbake står ein øydelagt minibank og fire personar som er pågripne, mistenkte for ransforsøket.

Politiet var raskt på staden då alarmen gjekk ved minibanken. Da hadde gjerningspersonane akkurat forsvunne. For politiet handla det dermed om å tenkje raskt og koble inn både tilsette i banken, kjentfolk langs mulig rømningsveg og kollegaer i nabopolitidistrikt.

Ransforsøket mot minibanken er eit godt døme på kor viktig det er å ha eit politi i nærleiken som kan vere raskt på pletten. Og ikkje minst eit politi som i tillegg til sin faglege kompetanse har god lokalkunnskap og eit nettverk å spele på. Alt tyder på at dei fire personane som vart stogga av politiet i Lom er dei fire som gjekk til angrep på minibanken i Stryn halvannan time tidlegare. Dei hadde ikkje blitt pågripne så raskt utan raskt og effektivt politiarbeid og rask tilgang på bilde frå overvakingskamera frå banken.

Lensmannskontoret i Stryn vart ikkje ofra som del av den såkalla nærpolitireformen. Hadde kontoret blitt lagt ned og dette skjedd om nokre år, er det ikkje sikkert Stryn hadde hatt fastbuande politifolk i bygda. Då hadde heller ikkje omreisande bander som prøver å knekke ein minibank blitt pågripne på andre sida av fjellet halvannan time seinare.

Innsatsen politiet leverte tidleg fredag morgon er stjerneeksempel på godt politiarbeid fordi politiet er nær, kan jobben sin og veit å spele på alle ressursar. Lensmannen er klar på at dei ikkje hadde klart å pågripe dei mistenkte så raskt, utan tips frå brøytemannskap og publikum. Litt enkelt sagt, er vi alle politiet sine medhjelparar ved å obervere og gje tips når vi ser ting det er verdt å reagere på. Då er det avgjerande viktig i det heile å ha eit politi som er nært og som fungerer.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør