Per Sævik i Havila er godt nøgd med avtalen der Havila kjøper ytterlegare 26 prosent av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 og vert majoritetseigar.

Avtalen om sal av aksjane til Havila betyr at ein over ni månader lang salsprosess går mot slutten. Det er Per Sævik i Havila både glad og fornøgd med. Havila er minoritetsaksjonær i Fjord1 med ein aksjepost på 41 prosent. Selskapet ønskte å kjøpe dei resterenade aksjane frå fylkeskommunen, men opplevde i november i fjor å bli vraka til fordel for konkurrenten Torghatten.

Konkurransetilsynet ville det annleis og la i juli ned forbod mot sal av Fjord1 til Torghatten.

– Same struktur

– Den avtalen Havila og fylkeskommunen vart samde om onsdag, følgjer same struktur som tilbodet vi gav i fjor haust, seier Per Sævik. Som stadfestar at Havila gjennom avtalen har forplikta seg til å oppretthalde hovudkontoret i Florø.

I avtalen heiter det at fylkeskommunen sine resterande aksjar kan bli selde innan to år, der partane skal arbeide for at også andre regionale investorar bør inn på eigarsida.

– Forutsatt at fylkestinget og styret i Havila godkjenner den framforhandla avtalen, vil Havila endre noko på driftsmodellen for Fjord1?

– Selskapet fungerer rimeleg godt og eg ser ikkje behov for dramatiske endringar. Det vil uansett ikkje skje noko som følgje av at Havila vert majoritetseigar. Og namnet forblir Fjord1, seier Sævik.

– Det er tøffe tidar innan offshoreverksemd og Havila har sine øknomiske utfordringar. Kva med finansiell kraft til å gjennomføre kjøpet av aksjeposten i Fjord1?

– Havila er delt inn i fleire selskap. Tap og nedskriving i eitt selskap rokker såleis ikkje ved hovudselskapet, svarar Sævik.

– Kva seier du om prosessen som har vore?

– No er vi innstilt på å få gjennom nødvendige vedtak og så rydde på plass for framtida. Eg er mindre oppteken av det som har skjedd, seier Sævik.

Den varsla rettssaka vert naturleg nok trekt, dersom styret for begge partar signerer avtalen som er inngått.

Fylkesordførar Jenny Følling seier avtalen som er signert er god for selskapet og for arbeidsplassane. Fylkestinget skal gjere endeleg vedtak 26. august.

– Eg vil tilrå avtalen overfor fylkestinget, seier Følling. Verken ho eller Sævik vil kommentere prisen for aksjeposten.