Denne veka har "Sunniva no" premiere under Førdefestivalen. Gro Marie Svidal er musikar i framsyninga, som ho sjølv har produsert. I tillegg har ho komponert musikken. Regien er det Mette Brantzeg som står for.

Flykta med trua

– Vi har stilt spørsmålet om kven Sunniva var, kva ho trudde på, kva som fekk ho til å velje døden framfor livet og korleis ho kunne vere så sterk i trua på Gud, seier Svidal i ei pressemelding.

Svidal fortel at ein må tilbake til tida før Noreg blei samla til eit rike, for å finne historia om den irske kongsdottera som flykta til Noreg i open båt, utan årer og segl. Sunniva flykta for å kunne halde fram trua på Gud. Ho kom i land på øya Selja i Nordfjord der ho busette seg med folket sitt. Dei fastbuande der mistenkte at Sunniva ville ta buskapen deira som var på beite der og fekk med seg Håkon Jarl for å jage Sunniva frå Selja. Sunniva vende seg til Gud i bøn og bad om å få sleppe unna, og Gud svara med å la hola dei sat i rase saman, slik at alle døydde. Seinare blei leivningane av Sunniva funne, og sjølv om ho var død, var ho like vakker som då ho var i live og omgitt av ein søt ange. Dette underet førte til at ho blei kanonisert, og Selja blei eit bispesete med både kyrkje og kloster.

Norge var misjonsmark

Legenda om Sunniva er frå ei tid då den katolske kyrkja såg på Noreg som ei misjonsmark. Men samstundes reiste vikingane rundt i verda og dei kom tilbake med tankar om den nye trua. Det gamle og det nye var i konflikt, og det blei bruka ulike måtar for å kristne landet. I den eine enden var det forhandlingar om eigedomar og kjøpslåing, medan det på den andre sida var brutale og valdelege metodar som blei bruka.

Svidal seier dei trur legenda om St. Sunniva har kome til som ein mildare måte å vende seg bort frå den gamle og over til den nye læra på.

Tett på dansarane

Førdefestivalen skal Sunniva no bli vist to gonger. Urpremieren er 5. juli i ungdomshuset Viking, og dagen etter skal ho bli vist ein gong til same staden. Med seg i framsyninga, har Svidal og Brantzeg dei tre folkedansarane Martin Myhr, Vetle Springgard og Torill Steinjord.

Regissør Mette Brantzeg trur at publikum vil finne mange assosiasjonar til notida i legenda, og seier ho framleis er svært dagsaktuell, sjølv om ho er meir enn 1.000 år gammal.

– Utfordringa vår er å formidle denne røynsla til publikum. Korleis får vi folk til å føle situasjonen på kroppen? Ensemblet har freista å skape tette band mellom dansarane, musikaren og publikum. Dei som kjem til ungdomshuset vil stå og sitje så nær utøvarane at dei kjenner luftdraget frå dansen, seier ho.

Til hausten skal framsyninga bli vist på Riksscenen i Oslo, og til våren skal ho ut på skuleturné i Sogn og Fjordane.