Det nye vassystemet blir starta opp i måneskiftet mai/juni. Deretter blir det trykktesting av pumper og milevis med røyr før ein begynner å kople til kvar av dei om lag 115 vassabonnentane på Nordsida med nytt, etterlengta drikkevatn.

– Om alt fungerer som det skal blir abonnentane kopla på langsmed i løpet av juni, seier prosjektingeniør Roy Cato Hopland.

Krevjande prosjekt

Prosjektet, som har ein kostnadsramme på over 25 millionar kroner, inneber at drikkevatnet vert frakta opptil 2,5 mil frå vasskjelde til vasskran.

Pumpestasjon Prosjektleiar Roy Cato Hopland viser fram ei av to nye pumpestasjonar som fraktar vatn opp til høgdebassenget på Ulvedal. Foto: Roger Oldeide

Hopland forklarar at drikkevatnet hentast frå Hoolvatnet før det reinsast i Stryn og ført vidare ut frå Faleide til Blakset via den åtte kilometer lange sjøkabelen. Vidare er vatnet ført opp frå Øyestad til den nye pumpestasjonen der og pumpa opp til den andre pumpestasjonen på Roset og vidare opp til høgdebassenget på Ulvedal.

– Det er eit enormt stort og krevjande prosjekt. Spesielt har det bratte terrenget vore ei utfordring, seier Hopland med adresse til Vinsrygg Maskin som er hovudentreprenør på prosjektet.

Etterlengta drikkevatn

Vassabonnentane, som er vand med ståande kokepåbod og varierande vasskvalitet, kan gle seg.

– Nokre drikker vatnet, andre gjer det ikkje, men dei vil nok oppleve ein vesentleg forskjell på vatnet frå i sommar, seier Hopland.

Prosjektet er delvis samkøyrt med E-verket der pumpestasjonane deler bygg med nye trafostasjonar. Vassrøyra deler grøft med fiberkabel på delar av Nordsida som ber tydeleg preg av omfattande anleggsarbeid.

Omfattande arbeid Her skal det borast hol under fylkesvegen for legging av vassrøyr. Vinsrygg Maskin er hovudentreprenør av arbeidet som har ei total kostnadsramme på over 25 millionar kroner. Foto: Roger Oldeide

– Heile bygda ser jo ut som eit anleggsområde, men etter det eg kjenner til har det ikkje vore noko problem med naboane som har fått hagane sine oppgrevne for røyrlegging. Dei har vist stort tolmod, men det blir eit stort oppryddingsprosjekt i sommar, seier Hopland.