– Vi vurderer strakstiltak i forhold til skilting av tunnelane, og er i dialog med politiet i Stryn om dette. Fartsgrensa vil mest sannsynleg ikkje bli sett ned fordi forholda på staden ikkje oppfyller våre kriterium for nedsett fart. Men vi vurderer å setje opp eit skilt med anbefalt fartsgrense, seier seksjonsleiar Vigdis Lobenz i vegvesenet.

Tyvanestunnelen ligg mellom Loen og Olden, og Stavenestunnelen mellom Stryn og Loen. Fylkesveg 60 er spesielt tungt trafikkert av turistar på sommarstid. Stryn kommune fekk i 2015 avslag på søknad om redusert fartsgrense ved tunnelane.

I avslaget stod det blant anna at det var trafikanten sitt ansvar å avpasse farten etter forholda.

Vigdis Lobenz: Seksjonsleiar i Statens vegvesen.

– Begge tunnelane skal kvit-målast i neste kontraktperiode. Vi vurderer og å gjere skilta om høgdebegrensing meir synlege enn dei er i dag, seier Lobenz.

Dei forrige registrerte ulukkene var i 2011 og 2014.

– Må det skje fleire alvorlege ulukker for at tunnelane skal bli utbetra?

– Vi er godt klar over at det er mange nestenulukker på staden, sjølv om dette ikkje blir registrert i våre statistikkar. Vi vurderer kva som kan gjerast for å betre situasjonen, og det har heldigvis ikkje skjedd alvolrige ulukker enno.

– Tunnelane er gamle og har dårleg geometri. Om dei skal utvidast i høgde og breidde, må fylkespolitikarane løyve pengar til dette i dei årlege budsjetthandsamingane, seier Vigdis Lobenz.