Pendlar Hans Petter Galtung meiner det snarast bør settast i verk tiltak for å sikre både Stavenestunnelen og Tyvanestunnelen langs fylkesveg 60 mellom Stryn og Olden. Han får støtte frå politiet.

Hans Petter Galtung var for to veker sidan involvert i ei trafikkulykke i Stavenestunnelen. Ein møtande trailer låg over ein meter inn i hans kjørefelt.

– Eg ser eit raudt monster av ein trailer kome rett mot meg, så eg må stå på bremsen. Bilen bak meg klarte å stoppe centimeter før han trefte, men bil nummer tre kjørte inn i bil nummer to, så inn i fjellveggen og ut i motsatt køyrefelt. Viss der hadde kome motgåande trafikk etter traileren, kunne det ha blitt ei svært stygg ulykke, seier han.

Prioriterar ikkje

Galtung meiner at rasfarlege strekningar der folk ferdast til og fra jobb kvar dag, altfor ofte blir underprioritert.

– Politikarane gir meir til store prestisjeprosjekt, istaden for å trygge fleire mindre vegar, seier han.

Held ikkje mål

Politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor meiner behovet for utbetring er stort. Han erfarer at den eine tunnelen er meir usikker enn den andre.

– Fartsgrensa bør senkast, og fareskilting og kvitmåling bør kome på plass snarast. Stavenes-tunnelen bør utvidast både i høgde og breidde, seier Eirik Krossen til Fjordingen.

Skal kvitmålast innan 2023

Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, fortel at Stavenes- og Tyvanestunnelane begge blir utelatne frå tunnelforskriftene sidan dei er under 500 meter lange.

– Stavenestunnelen skal kvitmålast ifølge den nye driftskontrakta som gjeld fra 2018 til 2023. Men det er ikkje planer per i dag om å utvide tunnelane, verken i høgda eller breidda, seier Lefdal.

I praksis betyr dette at ein kan måtte vente i over fem år berre for å få kvitmåla veggane.

Trafikkfelle

Låg takhøgde i kombinasjon med sving, stor fart og dårleg sikt, gjer Stavenestunnelen til ei klassisk trafikkfelle.

– Det er bittert at det kan ta fleire år å gjennomføre ei så enkel og effektiv forbedring. Eg skjønnar at det er mange vegar i fylket som treng tilskot til utbetring. Men her er det snakk om minimale endringar, som kan ha stor betydning for sikkerheita. Må det ei alvorleg ulykke til for at noko skal bli gjort? Eg har vore i fleire ekle situasjonar også i Tyvanestunnelen, men denne ulukka var siste dråpen, seier Galtung.

– Det er ei prioriteringsak, og viss dei seier at det ikkje er mulig å gjere desse tiltaka før om nokre år, så er det sterkt kritikkverdig, meiner Galtung.

Transportnæringa, politiet og lokalbefolkninga har tatt temaet opp med vegvesenet fleire gongar dei siste åra.

– Det einaste som har skjedd, er at dei har montert lys i Stavenestunnelen, men lyset er framleis elendig. Kvitmålinga som tidlegare har blitt gjort, er nesten heilt vekke. Samtidig blir ein blenda av sola slik at ein ikkje ser noko i det ein kjem inn i tunnelen, seier pendlaren.

Eit spørsmål om tid

– Dette er jo stadar der det ikkje har vore like mange ulukker som på andre delar av strekninga, men det er berre eit spørsmål om tid før det skjer noko her og, med den standarden som er i dag, seier Galtung.

Bekymra: Politibetjent Eirik Krossen ved Stryn lensmannskontor meiner behovet for utbetring av tunnelane er stort. Arkivfoto: Bengt Flaten Foto: Bengt Flaten
Fylkesdirektør for samferdsle : Det er ikkje planar om utviding, verken i høgda eller breidda, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal. arkivfoto: Bengt Flaten Foto: Bengt Flaten