— Kva må til for at fv 723 Lodalen kan bli prioritert for opprusting, Noralv Distad?

– Her må ein vurdere kva som eventuelt kan takast innanfor vedlikehald og mindre tiltak, og kva som er større investeringsprosjekt som må inn på ei prioriteringsliste.

Fv 723 Lodalen står per i dag ikkje på nokon prioritert liste, korkje skredsikring, mindre utbetringar eller store prosjekt.

– Korleis kan vegen kome på prioritert liste?

– Vi har no lagt Regional Transportplan (RTP) ut på høyring. Både kommunen og brukarar av vegen kan kome med innspel, så her er det viktig at folk deltek i høyringa med ting som gjeld vegar dei er opptekne av.

RTP legg grunnlag for fylkeskommunen sine prioriteringar.Nistad seier han oppteken av at Sogn og Fjordane helst får auka løyvingane til fylkesveg.

– Vi har stort etterslep når det gjeld fylkesveg i Sogn og Fjordane. Det er mange prosjekt som er ute etter pengar, så det gjeld at vi får midlar til både utbetring og oppgradering, seier Nistad.

Regional Transportplan vart lagt ut på høyring i juni. Fylkeskommunen ber om innspel og merknader til høyringsframlegget samt innspel på konkrete tiltak. Dei konkrete tiltaka må vere prioriterte, opplyser fylkeskommunen på si nettside, der ein kan leggje inn sine innspel.

Desse prioriteringane ligg inne i Regional Transportplan:

Investeringsprogram, store prosjekt har Fv 60 Ugla-Skarstein på topp, framfor Blaksettunnelen og Seimsdalstunnelen.

På prioritert liste, skredsikring ligg Fv 722 Flovegen på topp, med prosjektering i 2017.

Prioritert liste, mindre utbetringar har Stongfjorden-Askvoll på topp.