Allereie i nitida søndag morgon var det aktivitet ved festivalområdet etter Oktoberfesten. Ein stor festival krev mykje rigging, både opp og ned. Og sistnemnde er gjerne den tyngste biten.

-Allereie ti minutt etter at vi slo av lyden i natt var vi i gong. Så og seie alt av lyd og lys er vekke, fortel Kardinal og ansvarleg for Oktoberfesten, Kim Rune Flo.

Frode Briksdal og Kristian Hool Egge var mellom dei som som drog kassar og tok ned teltdukar då Fjordingen var innom.

- No er det drivarane som tek unna sine ting ved sine stasjonar. Så kl 12.00 kjem Ping Pong-maskineriet og då veit vi kva dei er gode for, smiler Flo.

Han fortel om vaktlister og god planlegging som sikrar effektiv opprydding etter arrangementet.

- Alle veit kva dei skal gjere. Alle har si gruppe og sin leiar, og vi har fargekode til og med på arbeidet.

Han reknar med at det meste skal vere gjort innan klokka seks i kveld, men litt maskinarbeid med lasting på bilar gjere at nokre må pårekne litt lenger økt.

- Men det er dei beste som er att til slutt, er det ikkje sånn, ler han.

Totalt er det 63 frå Ping Pong klubben som slepp lure på kva denne søndagen skal nyttast til.

Kardinal Kim Rune Flo skryt av eit godt Ping Pong maskineri.
Drivarane av serveringa må rydde unna sine ting før eit 60-tals pingpongarar går laus på sine oppgåver.