Frå nyttår vil ikkje Posten lenger skilje mellom A- og B-post. Dette kan medføre at Fjordingen sine abonnentar utanfor indre Nordfjord får papiravisa si fleire dagar forseinka. Redaktøren meiner konsekvensane kan bli dramatiske for dei mange lokalavisene som nyttar Posten som distributør.

Bengt Flaten, som og er leiar i Sogn og Fjordane Avisforeining, snakkar på vegne av fleire mediehus.

– Eg stiller meg undrande til om alle som har vore med på denne avgjerda har hatt klart for seg kva dramatiske konsekvensar dette kan få, seier Flaten med adresse til Posten og stortingsfleirtalet som har vedteke dei nye reglane.

Kan råke fjernabonnentane

– Kva er dei praktiske konsekvensane av regelendringa?

– Avisene som vert delt ut i nærområdet vårt vil ikkje bli råka av dette. Men Fjordingen, som mange andre lokalaviser, har ein stor del abonnentar utanfor nærområdet. Så mykje som ein tredjedel av abonnentane våre er såkalla riksabonnentar. Når Posten innfører to dagar leveringstid for desse, betyr det seinare levering, forklarar Flaten.

Han meiner det er særleg fredagsavisa som blir råka av det nye regelverket.

– Posten har allereie slutta med laurdagsdistribusjon. Konsekvensen vert då at fredagsavisa kjem fram anten måndag eller tysdag, seier Flaten.

Skal i møte med Posten

Måndag skal Flaten saman med fleire mediehusleiarar og Nordvest Distribusjon i møte med Posten for å diskutere situasjonen. Posten har sagt opp dagens distribusjonsavtale og Flaten ventar ny avtale for signering.

– Vil ikkje e-avisa vere eit alternativ for fjernabonnentane?

– Jo, det er klart. E-avisa kjem ut kvelden før utgjevingsdag, men likevel ser vi at papiravisa er viktig for fleirtalet av abonnentane våre. Det er og i papiravisa mediehusa sine største inntekter ligg. Dei nye reglane kan få store økonomiske konsekvensar for mange mediehus i landet, seier Flaten og legg til;

– Dette er ein alvorleg konsekvens av at Posten er blitt kommersialisert og blir målt meir på inntening enn på kva tenester dei leverer, seier Flaten.

Posten seier dei tilpassar seg nye, digitale tider