Regionreforma er ikkje ein del av sakskartet for Stryn formannskap onsdag, men Sven Flo seier spørsmålet skal drøftast. I utgangspunktet skal det ifølge Stryneordføraren vere lite som tydar på at Stryn vil bryte ut av Sogn og Fjordane og inn i Møre og Romsdal.

– Regionreforma skal bli drøfta og vi vil diskutere den ut ifrå intensjonsplanen som ligg føre. Det er lite å gå på og tida er knapp, men utgangspunktet vårt er å halde Sogn og Fjordane samla, seier stryneordførar Sven Flo.

På fylkesplan er forhandlingsutvala for Sogn og Fjordane og Hordaland samde om eit nytt storfylke med namnet Vestlandet som i dag omfattar om lag 630.000 innbyggjarar. Intensjonsplanen, som vart underteikna førre tysdag, viser at Bergen vert administrasjonssenter og sete for rådmann og politisk leiing og nynorsk vert administrasjonsspråk.

Vidare skal den administrative leiinga for vegsektor og kultursektor skal liggje i Sogn og Fjordane. Planen opnar for at trivselsfylket kan ha eige investeringsfond. Fylkeskommunen kan få høve plassere utbytte frå Fjord1-salet og aksjeverdiar i SFE/SF Holding i dette fondet.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal handsame intensjonsplanen 2. februar. Fylkestinget i Hordaland handsamar 3. februar.