NPK melder at Disneyfilmen «Frost» gjer at fleire amerikanske turistar tek turen til Noreg i år. Dette ifølgje Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

– Vi sleit med USA i mange år, men i år eksploderer det, seier han til NRK.no.

– At så mange no kjem viser kva ein film kan bety for landet det vart filma i, uttaler Jørgensen.  Filmen hadde henta mykje av inspirasjonen frå Norge og Vestlandet, i form av brear, fjordar og fjell.

Jan Ove Hogrenning, turistvert ved Kjenndalsstova i Lodalen, merkar direkte effekt av "Frost". Disney Adventures, som er namnet på reisebyrået til filmgiganten, har Kjenndalen som fast stoppestad i sitt turopplegg.

- Dei har base iGeiranger og har fast avtale med oss. Gjestane prøver garnfiske og fårlunsj basert på råvarer frå dalen, fortel Hogrenning. Pålunsjmenyen står mellom anna steikt ørret frå vatnet, hamburgar avhjort- og kjekjøt. Som drikke får dei eplesaft frå Håkon Loen.

- Duveit amerikanarane vert forundra over hamburgar med 95 prosent kjøtog litt uvant smak, rein vare og heilt utan konserveringsmidlar,ler han.

Jan Ove Hogrenning får stadig besøk av amerikanske turistar i Kjenndalen, ofte gjennom selskapet Disney Adventures. Foto: Roy Aron Myklebust
Disneyfilmen Frost har vore god marknadsføring av Norge som reisemål.