Ein sunnmøring i 30-åra er dømd til to og eit halvt års fengsel etter å ha tent på ei campinghytte ved Stryn Camping og sett sju personar i livsfare. Eitt år av straffen er utan vilkår.

Hytta vart påtent natt til 3. juni for to år sidan. Sunnmøringen og ein kamerat var i Stryn i samband med Motorfestivalen. Etter å ha blitt sendt på dør av dei som budde i nabohytta godt utpå natta ville mannen i følgje domen frå Fjordane tingrett hevne seg ved å tenne på ein eingongsgrill nedanfor lufteventilen på hytta, slik at hytta skulle bli fylt av røyk.

Mannen lukkast i å tenne på, og forlot deretter brannen utan å forsikre seg om at  eingongsgrillen sløkte. Elden spreidde seg slik at det tok fyr i bordkledninga. Etter ein stund vakna ein av dei sju i hytta av røykvarslaren i hytta. Hytta var då fylt av røyk. Dei seks andre i vart vekte opp og hytta vart evakuert. Samtidig vart det sett i gong sløkkearbeidet fram til brannvesenet kom.

Vitneforklaringar frå brannsakkunnig i retten viser at dei sju i hytta var i livsfare som følgje av brannen. Dei fleste som døyr av brann døyr av røyk og gass, ikkje av eld. Difor var alle som låg og sov i livsfare, og særleg dei to som sov på hemsen.

Få dagar etter eldspåsetjinga innrømte mannen forholdet i politiavhøyr. Kort tid før straffesaka kom opp, trekte mannen tilståinga.

Retten la avgjerande vekt på den første forklaringa som og vart avspelt som lydopptak i retten, samt andre vitneforklaringar. Kameraten som også var tiltalt vart frikjend av rettens fleirtal som bestod av dei to meddommarane. Dei meinte kameraten hadde forsøkt å hindre brannen og ikkje var delaktig.

Fordi det har gått heile to år frå brannen til saka kom opp, fekk sunnmøringen betydeleg strafferabatt ved at eitt og eit halvt år av straffen vert gjort betinga.

Mannen må likevel sone eitt år i fengsel, samt betale over 15.000 kroner i erstatning for skadene på hytta, samt 3.000 kroner i sakskostnader.