Fredagens første cruiseanløp i Olden markerer også starten på det verkelege storinnrykket på Hoven i Loen.

Arron Whitehouse jobbar i restauranten på Hoven, noko han har gjort sidan opninga i mai i fjor. Whitehouse, som kjem frå Kent i England, bur til dagleg i Volda. Han trivst godt i jobben på Hoven.

– No ser vi fram til sommarsesongen. Sjølv om det er roleg akkurat no så var det hektisk og god trafikk i påska. Det blir nok endå meir hektisk i tida framover, men eg trivst når det er mykje folk, seier engelskmannen.

- Du kjem vel i prat med mange turistar frå ulike nasjonar?

- Ja, her er turistar frå alle kantar av verda. Spesielt kjekt er det når det kjem engelskmenn hit, då blir det ofte tid til ein liten prat, fortel Arron Whitehouse.