Lokalt næringsliv har engasjert seg tydeleg i å få ei reetablering av TIP på Stryn vidaregåande skule, mellom anna med ein presentasjon for Hovudutval for opplæring på Stryn vgs i oktober. I etterkant har Stryn Næringssamskipnad sendt eit brev til fylkespolitikarane med sterk oppmoding om å reetablere TIP i Stryn.

Tysdag skal skuletilbodet opp i Hovudutval for opplæring. I tilrådinga har fylkesdirektøren ikkje etterkome oppmodinga frå næringsliv i Stryn og Hornindal.

– Vi reagerer på at administrasjonen totalt har oversett innspel frå eit næringsliv som til saman sysselset kring 1.000 menneske og omset for over 5 milliardar kroner. Næringslivet som har spelt inn at det er viktig å få på plass TIP møtte Hovudutvalet for opplæring i møte i oktober, og har sendt brev der dei har gjort teke opp att oppmodinga. Dette er ikkje blitt nemnt med eitt ord i tilrådinga, seier Anita Vinsrygg, leiar for Stryn Næringssamskipnad.

– Næringslivet reagerer også på at det ikkje er teke omsyn til at det er viktig å rekruttere lærlingar lokalt. Bedriftene har erfaring med at dette aukar sjansen mykje for at lærlingane held fram i bedrifta etter at dei er ferdig utdanna med fagbrev.

Næringssamskipnaden peikar også på at administrasjonen har lagt vekt på at det er lærlingar innan bransjane som ikkje har fått lærlingplass.

– Stryn har behov for lærlingar. Bedriftene er likevel avhengig av at dette er lærlingar som passar inn i bedrifta og som eventuelt er villige til å flytte dersom dei kjem frå andre stadar, seier Vinsrygg.