Mesteparten av dei 400 stolne gjenstandane frå vikingtida og jernalderen er kome til rette og to personar er framstilt for varetektsfengsling.

Mellom dei stolne gjenstandane var også fleire med tilhøyrsle i Stryn kommune. Blant anna var nokre spenner frå Skåden og Loen og ein nøkkel frå Mindresunde blant det tjuvane fekk med seg 14. august i år. Det er enno uvisst om dette er blant tjuvgodset som no er tilbake ved universitetsmuseet.

- Det er for tidleg å seie enno, er kommentaren frå universitetsmuseet.

Her kan du sjå bilde av nokre av dei stolne gjenstandane frå Stryn og Hornindal.