- Bil som har kjørt av vegen og gått rundt ligg på taket på fylkesveg 60 ovanfor Utvik. Naudetatar er på veg, meldte politiet på Twitter.

Det var ein mann i 50-åra i bilen. Han vart frakta til Førde i luftambulanse. Skadeomfanget er førebels uavklart.

Mannen skal ha mista kontrollen over bilen i ein sving på veg ned frå Utviksfjellet.

- Det er ikkje mistanke om rus, melder politiet i ei oppdatert melding på Twitter.