På cruisekaia i Olden var det i dag yrande liv. Blant turistar og bussar kunne du også sjå Anita Nyhammer suse rundt på segway,  truleg av dei første segwayane, ellers "ståhjulingane" på norsk, som er tekne i bruk som arbeidskøyretøy her i distriktet.

- Det er Olden Cruise ( Odd Jarle Kvamme og Joar Strand) som har kjøpt segwayane for utleige på kaia og elles til andre som er interesserte, fortel Anita Nyhammer.

Sjølv jobbar ho Frode Briksdal og Nordfjord havn i tillegg til Olden Cruise. Ein allsidig jobb:

- Det går i alt frå å delta med ankomst av båtane, det vil seie fortøying med strosser, til sal av billettar til utflukter, sightseeing, ribbåt-turar, bil og sykkelutleige og liknande, security på kaia og informasjon til turistane, forklarer ho.

Segway PT, på norsk altså "ståhjuling", er eit batteridrive køyretøy på to hjul. Forkortinga PT står for "personal transporter". Segway vart konstruert av Dean Kamen og vert produsert av Segway Inc i New Hampshire, USA. Inntil nyleg var dette køyretøyet forbode i Norge, men 1. juli opna regjeringa for bruk av segway her til lands.

"Ståhjulingen" er utstyrt med datamaskiner og elektrisk motor i botnen, og eit integrert gyroskop som skal hjelpe til å halde balansen. For å køyre framover lener du deg i fartsretninga, og skal du bremse eller rygge lener du deg bakover. Toppfarten på ein segway er 20 km/t.

Anita Nyhammer, som no susar rundt på segway på kaia, er tidlegare idrettsutøvar med krinsrekord på 1,70 i høgde og plass på adelskalenderen på både 100 m og 200 m.

- Burde ikkje ein tidlegare toppidrettsutøvar heller nytte apostlanes hestar rundt på kaia?

- Jau, men eg måtte sjølvsagt prøve segway sjølv også, og fann ut at det var fantastisk moro. Sjølv for ein toppidrettsutøvar! ler Nyhammer.

- Får du mange kommentarar?

- Ja, veldig mange! Og mange har lyst til å prøve. Den eldste som har prøvd segwayen her var 85 år, så dette er for folk i alle aldrar.

- Nokon uhell, tryningar, så langt?

- Nei, verken eg eller andre har hatt uhell hittil.