Veten idrettslag, Sølvberg Snøservice og Naturleg Aktiv AS er veldig skuffa over at Stryn kommune vedtok å utelate Nordfjord Fritidssenter og berre søke inn sommarskisenteret som kandidat for catskiing i Stryn.

– Vi er forundra og skuffa over at kommunen ikkje gjer det dei kan for oss når det dukkar opp ein slik moglegheit, seier Oddvin Myklebust på vegne av senteret.

– Ikkje kommunen som burde gjere valet

Myklebust er samd i at Stryn Sommerski er ein sterk kandidat, men kan ikkje forstå kvifor dei sjølve ikkje er med.

Kjenner seg motarbeida Oddvin Myklebust meiner kommunen burde melde inn begge, slik at Miljødirektoratet fekk velje sjølve. Foto: Roger Oldeide

– Kommunen burde meldt på begge med sommarskisenteret som høgste prioritet. Det burde vere direktoratet som eventuelt gjorde valet om å utelate oss, ikkje vår eiga kommune, seier Myklebust.

Han fortel om ein intens kamp for å halde liv i anlegga. Catskiing ville difor betydd enormt mykje for alle knytt til fritidssenteret.

– Difor kjennest det veldig demotiverande å oppleve motvilje frå kommunen i ei viktig sak, seier han.

Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal argumenterte for at Nordfjord Fritidssenter ikkje innfridde krava.

– Eit kriterium er at eit slikt tilbod skal vere i forbindelse med eksisterande skiheisanlegg. Vangen innfrir ikkje dette kravet og fell difor utanfor, sa Dvergsdal til formannskapet som samrøystes gjekk inn for å satse på eitt kort; Stryn Sommerski.

– Vi oppfyller krav og kriterium

Olav Sølvberg meiner vedtaket er gjort på feil grunnlag.

Skuffa Olav Sølvberg Nyberg er veldig skuffa over at Nordfjord Aktivitetssenter ikkje er kandidat for catskiing. Foto: Privat

Han viser til at det har blitt betalt kontingent til Norske Skiheisars Foreining i ei årrekkje.

– Vi har hatt ønske om eit slikt tilbod i 20 år. Når sjansen endeleg kjem, så blir vi svikta. Eg er så såra og vonbroten at eg ikkje finn ord, seier Nyberg.

Han meiner kommunen uansett burde søkt inn begge.

– Det er kommunen som får tilbodet, ikkje anlegget, poengterer han.