Vegard Skrede frå Hardbagg IL vart best av våre lokale då juniorane innleia norgescup-finalehelga med sprint torsdag. Han vart nummer 10 i klasse M19, 1.53.3 bak vinnaren Fredrik A. Grusd frå Fossum IF. Aksel Mathias Meland, Markane IL,  vart nummer 25 i løypene på Lillehammer. Han pådrog seg, til liks med Skrede, tre strafferundar.

Best frå Nordfjord vart Johan-Olav S. Botn frå Stårheim. Han gjekk eit gnistrande langrenn og vart trass fem strafferundar nummer 8. Totalt 43 stilte til start.

Laurdag går 17- og 18-åringane sine avsluttande løp for sesongen, medan 19- og 20/21-åringane avsluttar skiskyttarsesongen søndag.

Juniorane si finalehelg skjer samstundes med senior-NM. Seinare i dag er det stafett for fylkesvise lag, fredag er det sprint, laurdag jaktstart og søndag fellesstart.