Medan voldingane skal ha ekstraordinært kommunestyremøte om nettopp samanslåing med Hornindal tysdag, skal Stryn- og Hornindal kommune ha møte om ei eventuell samanslåing i morgon fredag. I eit brev til Stryn kommune spør Hornindal-ordføraren på førehand kva Stryn kan bidrege med i ei ny kommune saman med Hornindal. Lødemel innleiar brevet til kommuneleiinga slik;

- I samband med at Stryn ikkje ønskjer å vere med i ei storkommune med Stryn-Hornindal-Volda er Hornindal komen i den situasjon at vi vert tvinga til å gjere eit retningsval. I høve dette ønskjer vi svar på nokre avgjerande spørsmål.

Kva kan Stryn kommune bidra med inn i ei ny kommune som sikrar framtidig skuletilbod i Hornindal? Kva vil vere naturlege opptaksgrenser for Hornindal skule? Er dette i så fall område med mange barnefamiliar? spør han i brevet.

Vil ha legeteneste i Hornindal

- Hornindal kommune er no inne i ein fase med behov for omlegging av pleie- og omsorgstenestene. I ei samanslått kommune er ein redd for at den nye sjukeheimen i Stryn vil verte hovedinstitusjon, og at ein vil sjå ei nedbygging av tilbodet i Hornindal. Korleis vil ein kunne sikre eit breitt og godt pleie- og omsorgstilbod lokalt i Hornindal? skriv Lødemel. Han poengterar at det føreligg eit press på legetenesta i Stryn og ønskjer lokalisering av desse i Hornindal.

- I Hornindal har vi i dag to legeheimlar, og desse er «stammen» i det tverrfaglege miljøet på Helsehuset. Det er viktig at sjølv med relativt få fastbuande pasientar i Hornindal, at ein sikrar at legetenesta i Hornindal i overskodeleg framtid vert lokalisert fast i Hornindal, og ikkje vert eit underkontor til Stryn med berre få kontordagar i Hornindal, skriv Lødemel.

Fryktar Stryn skisenter blir prioritert

- I Hornindal vert det registrert at Stryn kommune planlegg å gå inn med store investeringar i Stryn skisenter. Vidare les ein at Stryn kommune ønskjer å gå inn med årleg driftsstønad til skisenteret. Med ei så sterk kommunal binding, er ein i Hornindal uroa for at dette då vil verte A-anlegget som vert prioritert framføre Hornindal Skisenter. Har Stryn kommune gjort seg nokre tankar om dette? skriv Hornindal-ordføraren. Han spør og om kva slags investeringsbehov Stryn har når det gjeld skular, institusjonar og infrastruktur. Han spør og om det er planlagt auke i eigedomsskattelegginga.

Vil bidrege til slagkraftig regionkommune

Han spør mellom anna om korleis Stryn vil legge til rette for bustadbygging og næringsutvikling i Hornindal. Lødemel avsluttar brevet slik;

- Hornindal ønskjer sterkt å bidra til å danne ei slagkraftig regionkommune mellom Ålesund og Førde. Vi registrerer at Førde no på bakgrunn av samanslåinga har sett seg i ein konkurransedyktig posisjon til mellom anna statlege arbeidsplassar. Korleis ser Stryn føre seg at Stryn-Hornindal åleine kan ta ein slik posisjon?

Møtet mellom Stryn- og Hornindal kommune blir halde på kommunehuset Smia i Hornindal fredag.