- Sentralt i vår nye marknadsføringsprofil er at Nordfjordregionen står saman under ein sterkare, visuell profil,  seier leiar av Visit Nordfjord, Marita Lindvik om den nye marknadsføringsprofilen som vart vist fram i Operahuset i Nordfjord torsdag kveld.

Med slagordet "Alt i ein fjord" skal Visit Nordfjord selje inn attraksjonane i og langs Nordfjord både nasjonalt og internasjonalt.

Bak den nye filmen står kommunikasjonsselskapet Creuna AS. Leiar av selskapet, Arne Hjeltnes, trur utfordringa til Nordfjord er at fjorden ikkje er godt nok kjend.

– På austlandet trur mange at Nordfjord ligg i Nord-Noreg. Nordfjord er på mange måtar det mest komplette reisemålet i heile landet, alt vi har å by på i Noreg finn ein her. Vi har prøvd å friske dette opp og modernisere det, seier Hjeltnes til NRK.

Sjå den nye filmen her.

Foto: Visit Nordfjord