- Storbakke-VM i Falun har vore det store målet i heile vinter. Eg ser verkeleg fram til å hoppe der, seier Anders Fannemel til Fjordingen. Honndølen er godt nøgd med niandeplassen i normalbakken laurdag.

- Det er klart ein overgang frå skiflyging og storbakke til normalbakke. Det gjekk forholdsvis bra, og no er stemninga på topp etter Rune Velta sin triumf, seier Fannemel.

- Kva er det som blir annleis teknisk i normalbakke  enn i store bakkar?

- I normalbakken kjenner du at farten er mindre og at trykket i skia er mindre. Med så låg fart blir rytmen meir utfordra.

Verdsrekordhaldaren hadde nettopp avslutta ei fysisk trening då Fjordingen tok kontakt like før mix-hoppinga i dag.

- Korleis er stemninga i laget etter Velta sin siger og kva skjer fram til rennet torsdag?

- Stemninga er no på topp, og vi har eit spennande mix-lag. No er det berre å sleppe oss lause på trening i storbakken frå og med i morgon.

- Det har vore hardt mediakøyr etter Vikersund?

- Det har roa seg ein god del. I Vikersund kom alt tettare på. Vi har bra kontroll og er godt skjerma i Falun. Vi  bur fantastisk bra berre eit steinkast frå stadion. Der er vi saman med utøvarane i langrenn og kombinert.

- Og storbakken i Falun passar deg bra?

- Vart nummer seks der i verdscupen i fjor. Bakken er bratt, og vi går høgt over kulen. Nedover i bakken er det abslutt muleg å flyge. Det skulle passe meg bra.

Fannemel er førehandskvalifisert til rennet etter si plassering i verdscupen, men håpar på ei god kvalifisering onsdag før rennet torsdag. Han tek beskjedent atterhald om at han "må bli utteken på laget". Det kunne Fjordingen garantere.

Trass i at vår lokale VM-hoppar har det travelt, fekk han vite at han søndag var helten for mange unge i Bjørkelibakken. Det sette han pris på.

- Kva med deg. Hadde du nokon helt?

- Eg var gammal då eg byrja hoppe på ski, men Sigurd Pettersen var nok ein vi såg opp til, seier verdsstjerna frå Hornindal. Torsdag ettermiddag kan vi få eit nytt stort høgdepunkt.