Fylkesmannen har avvist klage frå ein hytteigar i Bøanedsetra hyttegrend i Stryn som gjeld oppfylling av ei myrlendt nabotomt. Det var i vedtak i november i fjor at teknisk gav løyve til oppfylling 1,6 meter. Naboen klaga på at dette var ei unaturleg oppfylling som ville få negative konsekvensar for dei.

Teknisk tok synfaring på staden, og løyvet vart påklaga 29. desember. Saka vart seinare sendt fylkesmannen i juni i år med tllråding om å stadfeste vedtaket.

Fylkesmannen slår fast at tiltaket er i tråd med reguleringsplanen og at saka berre gjeld oppfylling. Eventuelt tap av utsikt eller andre ulemper er umogleg å fastslå sidan det ikkje er opplysningar om det i saka, slår fylkesmannen fast.

Fylkesmannen meiner at ei fylling på 1,6 meter og ei hytte med maks 6 meter mønehøgde i tråd med reguleringsplanen ligg innanfor det som er pårekneleg i hyttefeltet og at totalhøgda i seg sjølv ikkje vil skape ulemper som er så tungtvegande at tiltakshavaren kan påleggjast alternative løysingar. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.