Stryningen Helge Sunde, nyleg å sjå i beste sendetid som kapellmeister og arrangør for storbandkvelden i "Stjernekamp", skal komponere opera. Nærare bestemt skal han skrive musikken til Opera Nordfjord si store oppsetjing neste haust, ein opera om sildeventyret på 50-talet, med Måløy som utgangspunkt. Jostein Fretland Avdem, som skreiv om Bellini-operaen Il Puritani til nynorsk, skal stå for teksten.

- Det stemmer: No blir det sild på operaen. Frå Carmen til Barmen! seier Sunde, på spørsmål frå Fjordingen om det er slik at han skal bli operakomponist.

- Egentlig hadde det vel vore meir logisk om eg hadde laga fotballoperaen. Eg fann tross alt opp flopasninga ved ein serie uheldige sleivspark tidleg på åttitalet! humrar Helge Sunde. Foto: Gunnhild Sindre

Det er ikkje første gongen stryningar er sentrale når det blir komponert eit bestillingsverk for Opera Nordfjord. Tidlegare har det vore skrive opera om den legendariske fotbalkampen Norge-Brasil, der opptil fleire Floarar var viktige aktørar. - Egentlig hadde det vel vore meir logisk om eg hadde laga fotballoperaen, seier Helge Sunde.

- Eg fann tross alt opp flopasninga ved ein serie uheldige sleivspark tidleg på åttitalet!

Når det er sagt, skundar han seg å legge til at når sjansen byr seg til å svi av Måløy med fullt orkesterakkompagnement og bygge byen opp igjen sild for sild, gate for gate, utover femtitalet til smektande tonar, då slår ein til.

- Eg trur det blir vel så kjekt, smiler han lurt frå hytta på Tonningsetra. Der skal han forskanse seg og skrive opera dei to neste åra, i følge han sjølv. Opera med sild i sentrum.