Redningsselskapet vart i samband med fylkestinget i dag tildelt trafikktryggingsprisen 2015 for arbeidet selskapet gjer i Sogn og Fjordane. Det var tre kandidatar til årets pris: Redningsselskapet med sitt arbeid for tryggleiken til sjøs, Krokane Barnehage og Olden UL med Prosjekt Aldaheim. I sistnemnde vil den store utbygginga og oppgraderinga kring ungdsomhuset gje ein mykje tryggare trafikksituasjon i høve til fylkesvegen, som går rett forbi. Men Olden UL nådde altså ikkje opp i den endelege vurderinga, og prisen gjekk til Redningsselskapet.

– Alle som ferdast på sjøen og havet veit godt at også der er det trafikk og køyrereglar. Køyrereglar er like viktige på havet som på land og i luft, sa leiar av trafikktryggingsprisen, Liv Stave, då ho delte ut prisen før møtet i fylkestinget.

Torgeir Nergaard Berg i Redningsselskapet tok imot prisen, som er på 25 000 kroner.

Det var Flora KrF som saman med fylkespartiet føreslo Redningsselskapet som kandidat til årets trafikktryggingspris. Dei peiker på at mange barn i Sogn og Fjordane må i båt på skulevegen sin, og endå fleire har fritidsaktivitetar knytte til båt og sjø. Kvart år tilbyr Redningsselskapet kurs for barn og unge i sjøvett og trygg oppførsel til sjøs. Dei deltek òg ofte på ulike arrangement med båten Elias og informerer om sjøvett og trafikktrygging til sjøs.

Prisutdelar Stave sa ho håpa på eit sterkt og tydeleg redningsselskap i Sogn og Fjordane også i framtida, sjølv om selskapet no har varsla at dei vil leggje ned kontoret i Florø og samle administrasjonen i Bergen.