Garaventa AG, den sveitsiske leverandøren av pendelbana i Hoven Loen-prosjektet, går inn som investor og medeigar i Hoven Loen AS med ein kapital på 350.000 euro. Det har selskapet stadfesta overfor Hoven Loen AS.

– Omrekna til norske kroner er dette om lag 3,2 millionar kroner, seier ein særs nøgd dagleg leiar i Hoven Loen AS, Richard Grov.

Meldinga om at Garaventa AG vert med på eigarsida i Hoven Loen vart sendt selskapet på epost etter at Garaventa AG hadde handsama saka i sitt styre.

- Dette er svært positivt for oss. Sjølvsagt fordi pendelbaneleverandøren går inn med kapital, men og som viktig signaleffekt. Garaventa har gjort sine vurderingar opp mot andre prosjekt dei er med på, og seier dei går inn i selskap som er gode og som har potensial. Dei gjer det for å bidra til at prosjektet kjem i gang og som eit viktig finansielt bidrag. Som dagleg leiar set eg stor pris på den annerkjenning det er at leverandøren også vert medeigar. Dette er eit særs viktig signal overfor selskapet, andre aksjonærar, mot bankar og mot samfunnet generelt, seier Richard Grov.

Arbeidet med vegbygging og tomt for toppstasjon til pendelbana er i full gang på Hoven. Foto: Hoven Loen