Det offisielle opptaksområdet for Volda sjukehus er 42.000 innbyggjarar. Ved å bruke dette talet kjem sjukehuset godt under helseminister Bent Høie si eigendefinerte minimumsgrense på 60.000 – 80.000 menneske for at eit sjukehus skal ha kirurgisk akuttberedskap i framtida.

Men Bent Høie må rekne på nytt. Ikkje minst må han setje seg inn i nye reisemønster som er etablert etter at Kvivsvegen opna i 2012. Den nye vegen skapte ein ny stor-region på over 60.000 menneske. Ein region som ikkje harmonerer med gamle fylkes- og helseføretaksgrenser. Men som folk har har klart å tilpasse seg. Også ved å ta i bruk sjukehustenester i Volda når det er mest tenleg. Både til planlagde innleggingar og akutt.

Trass i fylkesgrense og helseføretaksgrense midt inne i Kvivstunnelen, er det eit faktum at Volda sjukehus er det næraste sjukehuset med kirurgisk akuttberedskap også for nordfjordingar. Om ein tek vekk Gloppen, vil opptaksområdet for Volda sjukehus, medrekna kommunane Hornindal, Stryn, Eid, Vågsøy og Selje, vere over 65.000 menneske. Bent Høie og regjeringa må forstå at vi som bur i Nordfjord ikkje er opptekne av ei grense tilpassa gammal tid. Vi er innbyggjarar, skattebetalarar og sjukehusbrukarar med like stort verd som dei  på «rett side av grensa». Gjennom samarbeidsavtale med Helse Førde er Volda fødesjukehus for Nordfjord. Det er fritt sjukehus-val i Norge for planlagde operasjonar. Det bør det og vere for akutte innleggingar.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har her ein særs viktig  opplæringsjobb å gjere for helseministeren. Både i geografi, reisemønster og ikkje minst i å forklare at det er pasientane sin tryggleik som må telje, ikkje økonomien i to helseføretak som desverre framstår som konkurrentar.

I kveld er det tillyst fakkeltog for Volda sjukehus. Nordfjordingar som er opptekne av eigen tryggleik bør møte opp og ta del i den markeringa.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør