Tysdag kveld vart katten til Irene Breidvik påkøyrd og skadd på fv 60 i Innvik sentrum, men i følgje Breidvik stoppa ikkje bilføraren.

- Nokre ungdomar som kom i bil etterpå såg den skadde Emmet, som katten min heiter, stogga og tok kontakt med naboen min. Han kom og lurte på om eg visste kven sin katt det var. Eg vart med for å sjå på katten, og såg det var min. Emmet låg under ein busk, og dyrlegen måtte avlive han der, fortel Irene Breidvik.

Ho seier alle kan vere uheldige og køyre på ein katt, men er opprørt over at vedkomande som køyrde på Emmet ikkje stoppa.

- Som bilførar pliktar ein å stoppe og hjelpe dersom ein køyrer på eit dyr. Eg veit ikkje kor lenge Emmet hadde vore skadd før han vart funnen, men det er ikkje noko kjekt å vite at han vart påkøyrd og forlatt. Emmet var ein spesiell katt som følgde meg til butikken og sat på utsida og venta. Han følgde meg på fisketur og sat på kaikanten og følgde spent med. Eg synst det er viktig å fortelje denne historia for at neste uheldige bilist som køyrer på ein katt tenkjer seg om og tek ansvaret som følgjer med, seier Breidvik.